Rådgivar kliniske studiar (monitor/Clinical Research Associate)

Company: HELSE BERGEN EIENDOM AS

  • Location: Norway
  • Employment type: Full-time
  • Posted: Yesterday
  • Offer language: Norwegian

Job description

Vil du arbeide med kliniske studiar og løfte medisinsk forsking i sjukehusa? Vi søker etter ein engasjert og dyktig rådgivar innan kliniske studiar. Kliniske studiar er eit prioritert satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest, og det er eit auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Hos oss blir du ein sentral og verdifull samarbeidspartnar for fagmiljøa i regionen, og får ei nøkkelrolle i å rettleie og støtte forskarane gjennom heile prosjektløpet – frå planlegging og oppstart til trygg gjennomføring. Slik bidreg du direkte til at studiane held høg kvalitet og følgjer strenge nasjonale og internasjonale regelverk. Stillinga ligg til Seksjon for forsking og innovasjon (FoI) ved Forskings- og utviklingsavdelinga. FoI har ansvar for støtte- og rettleiingstenester innan forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og innan innovasjon for Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ca. 55 medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde innan medisin, helsefag, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning. Vi søker personar med høg arbeidskapasitet, nøyaktigheit og fleksibilitet, som trivst med å handtere ulike og varierande oppgåver. Som Clinical Research Associate / monitor vil du ha ei viktig rolle i kvalitetskontrollen av kliniske studiar.
Arbeidsoppgåver

  • Monitorering og oppfølging av kliniske studiar i samsvar med ICH-GCP og standardiserte prosedyrar (SOP-ar), hovudsakleg ved Haukeland universitetssjukehus og dei andre sjukehusa i Helse Vest-området
  • Utføre revisjon og risikovurdering av akademiske legemiddelstudiar og andre intervensjonsstudiar i samarbeid med forskarar
  • Gje råd og veiledning om roller, ansvar og regelverk (irekna GCP, CTIS og helseforskningslova) til kliniske utprøvarar og forskargrupper
  • Utarbeide rapportar og skrive faglege saker knytt til leveransar og aktivitet og måloppnåing innan fagfeltet
  • Bidra til kontinuerleg forbetring og vidareutvikling av tenester og arbeidsprosessar for kliniske studiar, med særleg vekt på kvalitet
  • Handtere førespurnader om mogelege nye studiar frå industrien («feasibility»)
  • Delta i fagmiljø, nettverk og konferansar, samt halde faglege innlegg og opplæring
  • Reiseaktivitet må påreknast
  • Andre oppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon

Kvalifikasjonar

  • Formell utdanning på mastergradsnivå (naturvitskaplege fag/farmasi)
  • Erfaring med prosjektkoordinering er ønskeleg
  • Erfaring frå kliniske studiar er ønskeleg, gjerne frå legemiddelindustrien
  • Erfaring med bruk av elektroniske system som eCRF / VieDoc og handtering i CTIS-portalen vil telje særleg positivt
  • Kjennskap til regelverket kring kliniske studiar
  • God forståing for økonomi/budsjett er ønskeleg
  • Erfaring med teamarbeid, undervisning og møteleiing er ønskeleg
  • Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk er påkravd, slik at du snakkar og skriv klart, kortfatta og korrekt
  • Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på engelsk er nødvendig, ettersom vi ofte nyttar engelsk som arbeidsspråk

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagd.

  • Kan arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig
  • Serviceinnstilt og kan lytte til og samarbeide med andre, på tvers av fag og einingar
  • Positiv haldning til å tileigne og dele kunnskap
  • Analytisk og ha god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Fast stilling med meiningsfylte og utfordrande oppgåver
  • Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø i trivelege lokale på haukelandsområdet
  • Fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale og ei god pensjonsordning

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAnne Mathilde Henden Kvamme, Fagleiar, 90655238, anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5209977838
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Recommended learning for this job

Start with a complete job-ready program or explore individual matched courses.

Similar offers

  • Clinical Research Coordinator

    Undisclosed salary

    Company: GE HealthCare

    Offer language: English Posted:13 days ago
    • Location: Horten, Norway
    • Seniority: Entry level
    • Employment type: Full-time
  • Clinical Research Coordinator

    Undisclosed salary

    Company: GE Precision Healthcare LLC

    Offer language: English Posted:13 days ago
    • Location: Horten, Norway
    • Seniority: Entry level
    • Employment type: Part-time
  • Clinical Research Coordinator

    Undisclosed salary

    Company: GE HealthCare

    Offer language: English Posted:13 days ago
    • Location: Oslo, Norway
    • Seniority: Entry level
    • Employment type: Full-time
  • Senior Clinical Trial Manager

    Est. €6,110–9,840 / month

    Company: Preferred Home Health Care & Nursing Services

    Offer language: English Posted:Yesterday
    • Location: Bridgeport, United States
    • Seniority: Senior
    • Employment type: Full-time

Get Started. It's FREE

Fill out the form to get started today for FREE: Access all features and preview up to 5 courses of your choice for 2 weeks!

Register

Get started today for FREE: Access all features and preview up to 5 courses of your choice for 2 weeks!

A password will be sent to your email address.

By requesting free demo, you confirm that you have read and understood the privacy policy and you agree to receive marketing communications from AIDIFY regarding product updates, offers, and insights. You can unsubscribe at any time.